Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 14:10-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då far hans kom ned til kvinna, gjorde Samson ein fest der, slik dei unge mennene brukte å gjera.

11. Så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han.

12. Samson sa til dei: «Lat meg gje dykk ei gåte. Løyser de henne og kjem med svaret til meg rett før dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti linskjorter og tretti festdrakter.

13. Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti linskjorter og tretti festdrakter.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.»

14. Då sa han:«Av ein etar kom etande,av den sterke kom søtt.»Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta.

15. Den fjerde dagen sa dei til brura: «Lokk mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å plyndra oss at de har bede oss hit?»

Les hele kapitlet Dommarane 14