Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 14:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein gong gjekk Samson ned til Timna. Der fekk han sjå ei kvinne, ei av døtrene til filistrane.

2. Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si: «I Timna såg eg ei av døtrene til filistrane», sa han. «Henne må de la meg få til kone.»

3. Foreldra sa til han: «Finst det ikkje døtrer i slekta di eller ei einaste kvinne i folket vårt, sidan du vil gå av og få deg ei kone hos dei uomskorne filistrane?» Men Samson sa til far sin: «Henne må du la meg få, ho er den rette for meg.»

4. Foreldra skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistrane. Dei var det som herska i Israel den gongen.

5. Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei nådde vinmarkene utanfor byen, kom ei ung løve brølande imot han.

6. Då kom Herrens ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort.

7. Så gjekk han ned og snakka med kvinna, og Samson lika henne godt.

Les hele kapitlet Dommarane 14