Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 13:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Kvinna gjekk til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel og fylte meg med redsle. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.

7. Han sa til meg: Du skal bli med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»

8. Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss kva vi skal gjera med guten som skal bli fødd.»

9. Gud høyrde Manoahs bøn. Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.

10. Då skunda kvinna seg og sprang heim og fortalde mannen sin: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.»

11. Manoah reiste seg og følgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja», svara han.

12. Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då oppføra oss overfor guten, og kva skal vi gjera med han?»

13. Herrens engel svara Manoah: «Alt det eg nemnde for kona di, må ho passa seg for.

14. Ho må ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har pålagt henne, skal ho halda seg etter.»

15. Då sa Manoah til Herrens engel: «Vil du ikkje stansa ei stund så vi får stella til eit kje for deg?»

16. Men Herrens engel svara Manoah: «Om du får meg til stansa, et eg likevel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, skal du ofra det til Herren!» Manoah visste ikkje at det var Herrens engel.

17. Difor sa han til Herrens engel: «Kva er namnet ditt, så vi kan æra deg når det hender, det du har sagt?»

18. Då sa Herrens engel: «Kvifor spør du om namnet mitt? Det er eit underfullt namn!»

Les hele kapitlet Dommarane 13