Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 13:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Men Herrens engel svara Manoah: «Om du får meg til stansa, et eg likevel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, skal du ofra det til Herren!» Manoah visste ikkje at det var Herrens engel.

17. Difor sa han til Herrens engel: «Kva er namnet ditt, så vi kan æra deg når det hender, det du har sagt?»

18. Då sa Herrens engel: «Kvifor spør du om namnet mitt? Det er eit underfullt namn!»

19. Så tok Manoah kjeet og grødeofferet og ofra det der på berget til Herren, han som gjer under. Medan Manoah og kona hans stod og såg på,

20. hende det noko. Då logen steig opp frå altaret mot himmelen, fór Herrens engel opp i logen frå altaret. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda.

21. Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans. Då skjøna Manoah at det var Herrens engel,

22. og han sa til kona si: «No må vi døy, for vi har sett Gud.»

23. Men kona svara: «Hadde Herren vilja drepa oss, hadde han ikkje teke imot brennoffer og grødeoffer av oss. Han hadde ikkje late oss sjå alt dette og ikkje høyra slikt som vi har høyrt.»

24. Kona fødde ein son og kalla han Samson. Guten voks opp, og Herren velsigna han.

25. Og Herrens ande tok til å driva han medan han var i Dan-leiren mellom Sora og Esjtaol.

Les hele kapitlet Dommarane 13