Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 13:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge. Då gav Herren dei i hendene på filistrane i førti år.

2. Det var ein mann frå Sora, frå Dan-slekta, han heitte Manoah. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born.

3. Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal bli med barn og føda ein son.

4. Pass difor på at du ikkje drikk vin eller sterk drikk og ikkje et noko ureint!

5. For sjå, du skal bli med barn og føda ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans, for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og med han skal berginga av Israel frå filistrane ta til.»

6. Kvinna gjekk til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel og fylte meg med redsle. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.

7. Han sa til meg: Du skal bli med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»

8. Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss kva vi skal gjera med guten som skal bli fødd.»

Les hele kapitlet Dommarane 13