Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 12:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han nei,

6. sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Sa han då «sibbolet», fordi han ikkje kunne uttala ordet rett, greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraim.

7. Jefta frå Gilead var dommar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.

8. Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem dommar i Israel.

9. Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti svigerdøtrer henta han heim. Han styrte Israel i sju år.

10. Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.

11. Etter han vart Elon frå Sebulon dommar i Israel. Han styrte Israel i ti år.

12. Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulon-landet.

13. Etter han vart Abdon, son til Hillel frå Piraton, dommar i Israel.

14. Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti esel. Han styrte Israel i åtte år.

15. Så døydde Abdon, son til Hillel frå Piraton, og vart gravlagd i Piraton i Efraim-landet, på amalekittfjellet.

Les hele kapitlet Dommarane 12