Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:8-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dei eldste frå Gilead svara Jefta: «Det er då difor vi vender oss til deg att. Går du med oss og kjempar mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»

9. Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Om de tek meg med heim for å kjempa mot ammonittane og Herren gjev dei i mi makt, skal eg vera hovdingen dykkar.»

10. Dei eldste i Gilead svara: «Herren skal vera vitne mellom oss om vi ikkje gjer som du seier.»

11. Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead, og folket gjorde han til hovding og hærførar. Framfor Herren i Mispa tok Jefta opp att alt han hadde sagt.

12. Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uoppgjort med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»

13. Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då Israel kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»

14. Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen

15. og sa til han: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå Moab eller ammonittane.

16. Då Israel drog opp frå Egypt, gjekk dei gjennom ørkenen til Sivsjøen og kom til Kadesj.

17. Då sende Israel bod til kongen i Edom og sa: «Lat oss få fara gjennom landet ditt!» Men kongen i Edom høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei òg bod. Men heller ikkje han ville høyra på dei. Så gav Israel seg til i Kadesj.

18. Då dei sidan heldt fram gjennom ørkenen, fór dei utanom Edom og Moab. Dei nådde områda aust for Moab og slo leir på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab.

19. Så sende Israel bod til kongen i Hesjbon, amorittkongen Sihon, og sa til han: «Lat oss få fara gjennom landet ditt, så vi kjem dit vi skal.»

20. Men Sihon trudde ikkje Israel så vel at han torde la dei fara gjennom landet sitt. Difor samla han heile hæren sin og slo leir ved Jahsa. Så gjekk han til krig mot Israel.

21. Men Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile hæren hans i hendene på israelittane, og Israel slo dei. Så tok Israel heile landet til amorittane som budde der.

22. Heile amorittlandet tok dei, frå Arnon til Jabbok og frå ørkenen til Jordan.

23. Det er Herren, Israels Gud, som har drive amorittane bort og gjeve landet til Israel, folket sitt. Og no vil du driva dei bort!

24. Er det ikkje slik at det som Kemosj, guden din, lèt deg ta, det tek du, og alt det Herren vår Gud lèt oss ta, det tek vi?

25. Er du så mykje betre enn Balak, son til Sippor, Moab-kongen? Stridde han mot Israel? Gjekk han til åtak på dei?

26. No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der omkring, i Aroer og byane der omkring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida?

Les hele kapitlet Dommarane 11