Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:33-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og området heilt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane måtte bøya seg under israelittane.

34. Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han verken son eller dotter.

35. Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund kleda sine og ropa: «Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg har gjeve Herren ein lovnad, og eg kan ikkje ta att ordet mitt.»

36. Då sa ho til han: «Far, har du gjeve Herren ein lovnad, så gjer med meg som du har sagt, sidan Herren lét deg få hemn over ammonittane, fiendane dine.

37. Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til», sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå omkring på fjella med veninnene mine og gråta over at eg må døy som jomfru.»

38. «Gå du!» svara han, og han lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret over jomfrudomen sin.

39. Men då dei to månadene var til ende, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore ein skikk i Israel

40. at israelittiske døtrer fire dagar i året går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead.

Les hele kapitlet Dommarane 11