Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:25-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Er du så mykje betre enn Balak, son til Sippor, Moab-kongen? Stridde han mot Israel? Gjekk han til åtak på dei?

26. No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der omkring, i Aroer og byane der omkring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida?

27. Eg har ikkje synda mot deg; men du gjer meg stor urett når du no går til krig mot meg. Herren, som er dommaren, skal i dag dømma mellom israelittane og ammonittane.

28. Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.

29. Då kom Herrens ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse. Han fór heilt til Mispa i Gilead, og derifrå drog han ut mot ammonittane.

30. Og Jefta gav Herren ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mine hender,

31. så skal den første som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga tilbake frå krigen mot ammonittane, høyra Herren til. Eg skal bera han fram som brennoffer.»

32. Så drog Jefta ut og kjempa mot ammonittane, og Herren gav dei over i hans hender.

33. Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og området heilt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane måtte bøya seg under israelittane.

34. Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han verken son eller dotter.

35. Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund kleda sine og ropa: «Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg har gjeve Herren ein lovnad, og eg kan ikkje ta att ordet mitt.»

36. Då sa ho til han: «Far, har du gjeve Herren ein lovnad, så gjer med meg som du har sagt, sidan Herren lét deg få hemn over ammonittane, fiendane dine.

37. Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til», sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå omkring på fjella med veninnene mine og gråta over at eg må døy som jomfru.»

38. «Gå du!» svara han, og han lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret over jomfrudomen sin.

39. Men då dei to månadene var til ende, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore ein skikk i Israel

40. at israelittiske døtrer fire dagar i året går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead.

Les hele kapitlet Dommarane 11