Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:16-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då Israel drog opp frå Egypt, gjekk dei gjennom ørkenen til Sivsjøen og kom til Kadesj.

17. Då sende Israel bod til kongen i Edom og sa: «Lat oss få fara gjennom landet ditt!» Men kongen i Edom høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei òg bod. Men heller ikkje han ville høyra på dei. Så gav Israel seg til i Kadesj.

18. Då dei sidan heldt fram gjennom ørkenen, fór dei utanom Edom og Moab. Dei nådde områda aust for Moab og slo leir på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab.

19. Så sende Israel bod til kongen i Hesjbon, amorittkongen Sihon, og sa til han: «Lat oss få fara gjennom landet ditt, så vi kjem dit vi skal.»

20. Men Sihon trudde ikkje Israel så vel at han torde la dei fara gjennom landet sitt. Difor samla han heile hæren sin og slo leir ved Jahsa. Så gjekk han til krig mot Israel.

21. Men Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile hæren hans i hendene på israelittane, og Israel slo dei. Så tok Israel heile landet til amorittane som budde der.

22. Heile amorittlandet tok dei, frå Arnon til Jabbok og frå ørkenen til Jordan.

23. Det er Herren, Israels Gud, som har drive amorittane bort og gjeve landet til Israel, folket sitt. Og no vil du driva dei bort!

24. Er det ikkje slik at det som Kemosj, guden din, lèt deg ta, det tek du, og alt det Herren vår Gud lèt oss ta, det tek vi?

25. Er du så mykje betre enn Balak, son til Sippor, Moab-kongen? Stridde han mot Israel? Gjekk han til åtak på dei?

26. No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der omkring, i Aroer og byane der omkring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida?

27. Eg har ikkje synda mot deg; men du gjer meg stor urett når du no går til krig mot meg. Herren, som er dommaren, skal i dag dømma mellom israelittane og ammonittane.

28. Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.

29. Då kom Herrens ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse. Han fór heilt til Mispa i Gilead, og derifrå drog han ut mot ammonittane.

Les hele kapitlet Dommarane 11