Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 11:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jefta frå Gilead var ein djerv krigar. Han var son til ei prostituert kvinne, og Gilead var far til Jefta.

2. Med kona si hadde Gilead òg søner. Då desse sønene vart vaksne, jaga dei Jefta bort og sa til han: «Du får ikkje noko av arven etter far vår, for du er son til ei anna kvinne.»

3. Då rømde Jefta for brørne sine og slo seg ned i Tob-landet. Nokre simple menn som gjekk og dreiv, samla seg om Jefta og drog ut med han på tokta hans.

4. Ei tid etter gjekk ammonittane til krig mot Israel.

5. Då ammonittane gjekk til åtak på israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.

Les hele kapitlet Dommarane 11