Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 10:11-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Herren svara: «Har eg ikkje frelst dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane og filistrane?

12. Då sidonarane, amalekittane og midjanittane plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut av hendene deira.

13. Men de forlét meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje berga dykk meir.

14. Gå og rop til dei gudane som de har valt! Lat dei frelsa dykk no når de er i naud.»

15. Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»

16. Dei fjerna dei framande gudane dei hadde hos seg, og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud.

17. Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa.

18. Då sa folket og hovdingane i Gilead til kvarandre: «Kvar er den mannen som vil gå først i striden mot ammonittane? Han skal vera hovding over alle som bur i Gilead.»

Les hele kapitlet Dommarane 10