Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 10:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua, som var son til Dod av Jissakar-stammen og budde i Sjamir på Efraim-fjellet.

2. Han var dommar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir.

3. Etter han stod Ja'ir frå Gilead fram. Han var dommar i Israel i tjueto år.

4. Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og hadde tretti byar som enno i dag blir kalla Ja'irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet.

5. Så døydde Ja'ir og vart gravlagd i Kamon.

6. På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta, dei dyrka gudane til folket i Aram, Sidon og Moab, og dei dyrka gudane til ammonittane og filistrane. Dei forlét Herren, dei tente ikkje han.

7. Då flamma Herrens harme opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på filistrane og ammonittane.

8. Dette året knuste dei israelittane. I atten år undertrykte dei alle israelittane som budde aust for Jordan, i amorittlandet, i Gilead.

Les hele kapitlet Dommarane 10