Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 1:8-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Judearane gjekk til åtak på Jerusalem og tok byen. Dei slo byen med sverd og sette eld på han.

9. Etterpå drog judearane ned for å kjempa mot kanaanearane som budde i fjella, i Negev og i låglandet.

10. Juda gjekk mot kanaanearane som budde i Hebron. Hebron heitte før i tida Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Ahiman og Talmai.

11. Derifrå gjekk dei mot innbyggjarane i Debir. Debir heitte før Kirjat-Sefer.

12. Kaleb sa: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»

13. Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb, tok byen, og Kaleb gav han Aksa, dotter si, til kone.

14. Då ho kom, overtala ho han til å be faren om eit jordstykke. Ho steig av eselet, og Kaleb spurde henne: «Kva vil du?»

15. Ho svara: «Gjev meg ei gåve! Ettersom du har gjeve meg dette ørkenlandet, må du òg gje meg kjelder med vatn!» Og Kaleb gav henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.

16. Etterkomarane av kenitten som var svogeren til Moses, drog med judearane opp frå Palmebyen til Juda-ørkenen ved Negev Arad og busette seg blant folket der.

Les hele kapitlet Dommarane 1