Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 1:25-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Han viste dei kvar dei kunne koma inn, og dei slo byen med sverd. Men mannen og heile familien hans lét dei gå.

26. Mannen drog til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus, og det heiter byen den dag i dag.

27. Manasse dreiv ikkje bort folket i Bet-Sjean og Taanak med småbyane som høyrde til, heller ikkje innbyggjarane i Dor, Jibleam og Megiddo med småbyane deira. Kanaanearane greidde å halda seg i dette landet.

28. Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til tvangsarbeid, men fordreiv dei ikkje heilt.

29. Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande iblant dei der.

30. Sebulon dreiv ikkje bort innbyggjarane i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom dei, men dei måtte gjera tvangsarbeid.

31. Asjer dreiv ikkje ut innbyggjarane i Akko og Sidon, heller ikkje innbyggjarane i Ahlab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.

32. Ettersom dei ikkje hadde drive ut kanaanearane som heldt til i landet, busette Asjer seg mellom dei.

33. Naftali dreiv ikkje ut innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg blant kanaanearane som heldt til der i landet. Men innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat måtte gjera tvangsarbeid for dei.

34. Amorittane trengde danittane opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.

35. Amorittane greidde å bli buande i Har-Heres, Ajjalon og Sjaalbim. Men då Josefs hus fekk overtaket, måtte dei gjera tvangsarbeid.

36. Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skardet og vidare oppover frå Sela.

Les hele kapitlet Dommarane 1