Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 1:12-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Kaleb sa: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»

13. Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb, tok byen, og Kaleb gav han Aksa, dotter si, til kone.

14. Då ho kom, overtala ho han til å be faren om eit jordstykke. Ho steig av eselet, og Kaleb spurde henne: «Kva vil du?»

15. Ho svara: «Gjev meg ei gåve! Ettersom du har gjeve meg dette ørkenlandet, må du òg gje meg kjelder med vatn!» Og Kaleb gav henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.

16. Etterkomarane av kenitten som var svogeren til Moses, drog med judearane opp frå Palmebyen til Juda-ørkenen ved Negev Arad og busette seg blant folket der.

17. Juda gjekk med Simon, bror sin, og dei slo kanaanearane som budde i Sefat. Dei slo byen med bann og øydela han; difor kalla dei han Horma.

18. Så tok Juda Gaza med landet omkring, Asjkalon med landet omkring og Ekron med landet omkring.

19. Herren var med Juda, og dei tok fjellområda. Men dei greidde ikkje å driva bort dei som budde på sletta, for dei hadde jernvogner.

20. Dei gav Hebron til Kaleb, slik som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tre anakittane bort derifrå.

21. Men benjaminittane dreiv ikkje bort jebusittane som budde i Jerusalem, og jebusittane bur saman med benjaminittane i Jerusalem den dag i dag.

22. Josef-stammane drog òg ut mot Betel, og Herren var med dei.

23. Dei sende folk til å utforska Betel. Byen heitte før Lus.

24. Dei som var ute og undersøkte, fekk sjå ein mann koma ut frå byen. Dei sa til han: «Syn oss no kvar vi kan ta oss inn i byen, så skal vi spara deg!»

25. Han viste dei kvar dei kunne koma inn, og dei slo byen med sverd. Men mannen og heile familien hans lét dei gå.

Les hele kapitlet Dommarane 1