Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 8:3-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein vêr stod attmed elva. Han hadde to horn. Begge horna var lange, men det eine var lengre enn det andre, og det lengste voks fram sist.

4. Eg såg vêren stanga mot vest, mot nord og mot sør. Det fanst ikkje dyr som kunne stå seg mot han, og ingen kunne berga nokon frå han. Vêren gjorde som han ville, og fekk stor makt.

5. Medan eg tenkte på dette, kom det ein bukk frå vest. Han fór fram over heile jorda utan å koma nær marka. Bukken hadde eit veldig horn i skallen.

6. Han kom bort til vêren med dei to horna, den eg såg attmed elva, og fór imot han med styrlaus kraft.

7. Eg såg korleis han kom heilt bort til vêren og stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Vêren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka han ned. Ingen kunne berga vêren frå bukken.

8. Bukken fekk svært stor makt. Men då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire veldige horn i staden, mot dei fire himmelretningane.

9. Frå eitt av horna skaut det fram eit mindre horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det herlege landet.

10. Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av hæren og nokre av stjernene ned på jorda og trakka dei ned.

11. Ja, det voks heilt opp til fyrsten for hæren. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.

12. Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.

13. Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret, den øydeleggjande synda og om at både heilagdomen og hæren skal gjevast over til nedtrakking?»

14. Han svara meg: «I 2300 kveldar og morgonar. Så skal heilagdomen få att sin rett.»

15. Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og prøvde å skjøna det, stod det framfor meg ein som såg ut som ein mann.

16. Og eg høyrde ei menneskerøyst som ropa over Ulai: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!»

17. Så kom han bort til meg der eg stod, og då han kom, vart eg skremd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Vit, menneske, at synet gjeld endetida.»

18. Medan han tala til meg, fall eg i uvit med andletet mot jorda. Men han rørte ved meg, reiste meg på føtene

19. og sa:«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden, for det handlar om tida for enden.

Les hele kapitlet Daniel 8