Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 8:12-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.

13. Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret, den øydeleggjande synda og om at både heilagdomen og hæren skal gjevast over til nedtrakking?»

14. Han svara meg: «I 2300 kveldar og morgonar. Så skal heilagdomen få att sin rett.»

15. Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og prøvde å skjøna det, stod det framfor meg ein som såg ut som ein mann.

16. Og eg høyrde ei menneskerøyst som ropa over Ulai: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!»

17. Så kom han bort til meg der eg stod, og då han kom, vart eg skremd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Vit, menneske, at synet gjeld endetida.»

18. Medan han tala til meg, fall eg i uvit med andletet mot jorda. Men han rørte ved meg, reiste meg på føtene

19. og sa:«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden, for det handlar om tida for enden.

20. Vêren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia,

21. og bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den første kongen.

22. Det eine hornet som vart brote av, og dei fire andre som voks opp i staden, tyder at fire kongerike skal stå fram frå folket hans, men utan same kraft som han.

23. Når riket deira går mot slutten og syndemålet er fylt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og forstand på å føra folk bak lyset

24. Han skal få stor makt, men ikkje så stor som den første. Han skal gjera uhyggjeleg skade og lukkast i alt han gjer. Han skal utsletta dei mektige og folket av dei heilage.

25. Fordi han er kløktig, skal han lukkast med sitt svik. Han skal vera stor i eigne tankar, og med lett hjarte skal han utsletta mange. Han skal reisa seg mot fyrsten over fyrstane og bli knust, men ikkje ved menneskehand.

26. Synet om kveldar og morgonar, det som her er fortalt, er sant. Men du skal halda synet skjult, for det gjeld ei fjern framtid.»

27. Eg, Daniel, låg sjuk i fleire dagar. Så stod eg opp og gjorde mi teneste hos kongen. Eg var slegen av undring over synet og skjøna det ikkje.

Les hele kapitlet Daniel 8