Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 7:21-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Eg såg på medan dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei,

22. heilt til den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage til Den høgste sin rett, og tida kom då dei heilage tok over riket.

23. Dette sa han: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne.

24. Dei ti horna tyder at det skal stå fram ti kongar frå dette riket. Og etter dei skal det stå fram endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal tvinga under seg tre kongar.

25. Og han skal tala mot Den høgste og fara hardt fram mot dei heilage til Den høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid, tider og ei halv tid.

26. Då skal retten setjast. Herskarmakta skal takast frå han, knusast og gå under for alltid.

27. Riket, herredømet og makta over rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage til Den høgste. Riket deira skal vera eit evig rike, og alle herskarmakter skal tena og lyda dei.»

28. Her endar forteljinga. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, eg bleikna i andletet. Men eg gøymde alt dette i hjartet.

Les hele kapitlet Daniel 7