Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 7:2-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta, og sjå! – dei fire himmelens vindar sette det store havet i opprør.

3. Fire store dyr steig opp av havet, det eine ulikt det andre.

4. Det første dyret var likt ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene rivne av, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarte.

5. Og sjå! – eit dyr til, det andre. Det var likt ein bjørn og vart lyft opp på den eine sida. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!»

6. Deretter såg eg, og sjå! – eitt til. Det var som ein leopard. Dyret hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Det fekk herskarmakt.

7. Deretter såg eg i nattsyna, og sjå! – eit fjerde dyr, fælt og skremmeleg og veldig sterkt. Det hadde store jerntenner og åt og krasa; og det som var att, trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle dei andre dyra og hadde ti horn.

8. Eg såg nøye på horna, og sjå! – endå eit horn. Eit lite horn skaut opp mellom dei. Tre av dei første horna vart rykte opp så det kunne få rom. Dette hornet hadde auge som eit menneske og ein munn som tala store ord.

9. Så såg eg:Tronstolar vart sette fram,og ein som var gammal av dagar, tok sete.Kleda hans var kvite som snøog håret på hovudet som rein ull.Trona var flammande logar,og hjula under var logande eld.

10. Ei elv av eld rann fram,ho strøymde ut framfor han.Tusen på tusen tente han,titusen på titusen stod framfor han.Retten vart sett, og bøker vart opna.

11. Eg heldt fram med å sjå fordi eg høyrde dei store orda som hornet tala. Og medan eg såg, vart dyret drepe, og kroppen vart knust og kasta på elden for å brennast.

12. Frå dei andre dyra òg vart herskarmakta teken, og livslengda deira vart fastsett med dag og time.

13. Eg såg i mine nattsyn, og sjå!– med himmelskyenekom det ein som var lik ein menneskeson.Han gjekk bort mot den gamle av dagarog vart ført fram for han.

14. Han fekk herskarmakt, ære og rikeså alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han.Hans herskarmakt er ei evig maktsom ikkje skal forgå.Hans rike går aldri til grunne.

15. Eg, Daniel, vart uroleg i kropp og sjel. Syna som gjekk gjennom hovudet mitt, skremde meg.

16. Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om ei påliteleg forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva syna tydde:

17. «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal stå fram fire kongar på jorda.

18. Men dei heilage til Den høgste skal få riket og ha det i eige til evig tid, ja, i ævers æve.»

Les hele kapitlet Daniel 7