Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 7:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Eg såg i mine nattsyn, og sjå!– med himmelskyenekom det ein som var lik ein menneskeson.Han gjekk bort mot den gamle av dagarog vart ført fram for han.

14. Han fekk herskarmakt, ære og rikeså alle folk og nasjonar og tungemål skal tena han.Hans herskarmakt er ei evig maktsom ikkje skal forgå.Hans rike går aldri til grunne.

15. Eg, Daniel, vart uroleg i kropp og sjel. Syna som gjekk gjennom hovudet mitt, skremde meg.

16. Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om ei påliteleg forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva syna tydde:

17. «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal stå fram fire kongar på jorda.

18. Men dei heilage til Den høgste skal få riket og ha det i eige til evig tid, ja, i ævers æve.»

19. Då ønskte eg å få ei påliteleg forklaring på det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skremmeleg dyr med tenner av jern og klør av bronse. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene.

20. Like eins ønskte eg ei forklaring på dei ti horna det hadde på hovudet, det nye hornet som skaut opp, og dei tre andre horna som fall av så det kunne få rom. Dette hornet hadde auge og ein munn som tala store ord, og det var større å sjå til enn dei andre.

21. Eg såg på medan dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei,

Les hele kapitlet Daniel 7