Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 7:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det første året Belsasar var konge i Babel, hadde Daniel ein draum, og syn gjekk gjennom hovudet hans medan han låg i senga. Etterpå skreiv han opp draumen. Her tek forteljinga til.

2. Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta, og sjå! – dei fire himmelens vindar sette det store havet i opprør.

3. Fire store dyr steig opp av havet, det eine ulikt det andre.

4. Det første dyret var likt ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene rivne av, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarte.

5. Og sjå! – eit dyr til, det andre. Det var likt ein bjørn og vart lyft opp på den eine sida. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!»

6. Deretter såg eg, og sjå! – eitt til. Det var som ein leopard. Dyret hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Det fekk herskarmakt.

7. Deretter såg eg i nattsyna, og sjå! – eit fjerde dyr, fælt og skremmeleg og veldig sterkt. Det hadde store jerntenner og åt og krasa; og det som var att, trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle dei andre dyra og hadde ti horn.

8. Eg såg nøye på horna, og sjå! – endå eit horn. Eit lite horn skaut opp mellom dei. Tre av dei første horna vart rykte opp så det kunne få rom. Dette hornet hadde auge som eit menneske og ein munn som tala store ord.

9. Så såg eg:Tronstolar vart sette fram,og ein som var gammal av dagar, tok sete.Kleda hans var kvite som snøog håret på hovudet som rein ull.Trona var flammande logar,og hjula under var logande eld.

10. Ei elv av eld rann fram,ho strøymde ut framfor han.Tusen på tusen tente han,titusen på titusen stod framfor han.Retten vart sett, og bøker vart opna.

Les hele kapitlet Daniel 7