Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 6:12-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då storma mennene inn og fann Daniel medan han bad til sin Gud og kalla på han.

13. Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehòla?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan endrast.»

14. Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, retter seg korkje etter deg eller etter det påbodet du har sendt skriv om. Tre gonger om dagen held han si bøn.»

15. Då kongen høyrde det, gjorde det han svært vondt, og han bestemte seg for å berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å redda han.

16. Igjen storma mennene inn til kongen og sa til han: «Gløym ikkje, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve eller noka forordning han har sendt ut, kan kallast tilbake.»

17. Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehòla. Kongen sa til Daniel: «Måtte din Gud, som du framleis dyrkar, berga deg!»

18. Dei henta ein stein og la han over opninga til hòla. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet til stormennene sine, så ingenting kunne endrast når det gjaldt Daniel.

19. Etter dette gjekk kongen til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét ingen kvinner koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20. Tidleg om morgonen, ved soloppgang, stod kongen opp og skunda seg til løvehòla.

21. Då han kom bort til hòla, ropa han på Daniel med angst i stemma: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stadig dyrkar, kunna berga deg frå løvene?»

22. Då svara Daniel: «Lenge leve kongen!

23. Min Gud sende engelen sin og lukka gapet på løvene så dei ikkje skadde meg. For eg er funnen skuldfri for han. Og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.»

24. Då vart kongen svært glad og baud at dei skulle dra Daniel opp or hòla. Då dei hadde drege Daniel opp, fanst det ingen skade på han, for han hadde sett si lit til sin Gud.

25. Kongen baud no at dei mennene som hadde ført klagemål mot Daniel, skulle hentast og kastast i løvehòla saman med borna og konene sine. Før dei var komne til botnen i hòla, rauk løvene på dei og krasa kvart bein i kroppen deira.

26. Etter dette skreiv kong Dareios til alle folk og nasjonar og tungemål over heile jorda:«Rikeleg fred!

27. Med dette byd eg at folket i mitt kongerike, så langt mitt velde rår, skal frykta og skjelva for Daniels Gud.For han er den levande Gud,han er til evig tid.Hans kongerike går ikkje til grunne,hans velde tek aldri slutt.

28. Han bergar og reddar,han gjer teikn og underi himmelen og på jorda.Han berga Daniel frå løveklørne.»

Les hele kapitlet Daniel 6