Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 4:33-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. I same augneblinken vart dette ordet oppfylt på Nebukadnesar. Han vart jaga bort frå menneska og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til håret vart langt som ørnefjører og neglene som fugleklør.

34. «Då tida var ute, lyfte eg, Nebukadnesar, auga mot himmelen, og eg fekk vitet mitt att. Eg lova og prisa Den høgste og æra han som lever evig:Hans velde er eit evig velde,hans rike varer frå slekt til slekt.

35. Alle som bur på jorda,er for ingenting å rekna.Han gjer som han vil med himmelhærenog med dei som bur på jorda.Ingen kan halda han tilbake,ingen kan seia til han:Kva er det du gjer?

36. I same stunda kom vitet mitt att, og eg fekk min herlegdom og glans tilbake – til ære for kongeriket mitt. Rådsherrane og stormennene mine leita meg opp. På nytt vart eg innsett som konge og fekk endå større makt enn før.

37. Eg, Nebukadnesar, lovar, prisar og ærar no kongen i himmelen. For alle hans gjerningar er sanne og hans vegar rette. Han kan bøya dei som er hovmodige i si ferd.»

Les hele kapitlet Daniel 4