Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 4:24-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Dette er tydinga, konge. Den høgste har fastsett at dette skal koma over min herre kongen:

25. Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane, og med dogg frå himmelen skal du vætast. Sju tider skal fara fram over deg til du skjønar at Den høgste rår over riket mellom menneska og gjev det til kven han vil.

26. Når det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att, tyder det at riket igjen skal vera ditt frå den tid du skjønar at Himmelen har makta.

27. Difor, konge, ta imot rådet mitt! Riv deg laus frå syndene dine med rettferd og frå skulda di med miskunn mot dei som lid naud! Så skal lukka di vara lenge.»

28. Alt dette hende med kong Nebukadnesar.

29. Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk omkring på taket av slottet i Babel,

30. sa han brått: «Dette er det store Babel, som eg med mi veldige makt har bygd til kongssete, til ære for min herlegdom!»

31. Før kongen endå hadde tala ut, kom ei røyst frå himmelen: «Dette er sagt til deg, kong Nebukadnesar: Riket er teke frå deg.

32. Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane. Sju tider skal fara fram over deg til du skjønar at Den høgste rår over riket mellom menneska og gjev det til kven han vil.»

33. I same augneblinken vart dette ordet oppfylt på Nebukadnesar. Han vart jaga bort frå menneska og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til håret vart langt som ørnefjører og neglene som fugleklør.

34. «Då tida var ute, lyfte eg, Nebukadnesar, auga mot himmelen, og eg fekk vitet mitt att. Eg lova og prisa Den høgste og æra han som lever evig:Hans velde er eit evig velde,hans rike varer frå slekt til slekt.

35. Alle som bur på jorda,er for ingenting å rekna.Han gjer som han vil med himmelhærenog med dei som bur på jorda.Ingen kan halda han tilbake,ingen kan seia til han:Kva er det du gjer?

Les hele kapitlet Daniel 4