Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 4:18-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Dette var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde. Gjev meg tydinga, du Beltsasar! For ingen vismann i riket mitt kan det. Men du kan, for dei heilage gudars ånd er i deg.»

19. Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar, stod ei stund forfærd; tankane hans skremde han. Då sa kongen: «Beltsasar, lat ikkje draumen og tydinga skremma deg.» Beltsasar svara: «Herre, gjev draumen måtte gjelda fiendane dine og tydinga motstandarane dine!

20. Treet du såg, var stort og sterkt. Toppen nådde til himmelen, og treet var synleg over heile jorda.

21. Lauvet var vakkert og frukta rik, det gav føde til alle. Dyra på marka heldt til under det, og fuglane under himmelen hadde reir i greinene.

22. Dette treet er du sjølv, konge, stor og mektig som du er. Makta di har vakse, ho når heilt til himmelen og herredømet ditt til enden av jorda.

23. Konge, du såg at ein heilag vaktar kom ned frå himmelen og sa:Hogg treet ned og øydelegg det!Lat berre rotstubben stå att i jorda,i graset på marka,men bunden med lenkjer av jern og bronse.Han skal vætast med dogg frå himmelenog leva som dyra på markatil sju tider har fare fram over han.

24. Dette er tydinga, konge. Den høgste har fastsett at dette skal koma over min herre kongen:

25. Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane, og med dogg frå himmelen skal du vætast. Sju tider skal fara fram over deg til du skjønar at Den høgste rår over riket mellom menneska og gjev det til kven han vil.

26. Når det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att, tyder det at riket igjen skal vera ditt frå den tid du skjønar at Himmelen har makta.

27. Difor, konge, ta imot rådet mitt! Riv deg laus frå syndene dine med rettferd og frå skulda di med miskunn mot dei som lid naud! Så skal lukka di vara lenge.»

Les hele kapitlet Daniel 4