Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 4:12-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Lauvet var vakkert og frukta rik, det gav føde til alle. Dyra på marka fann skugge under det, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene. Alt liv fekk si føde frå det.

13. Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga. Eg såg, og sjå! – ein heilag vaktar kom ned frå himmelen.

14. Han ropa med høg røyst:Hogg treet ned, skjer greinene av,snøy det for lauv, kast frukta utover!Dyra under det skal rømmaog fuglane flyga bort frå greinene.

15. Lat berre rotstubben stå att i jorda,i graset på marka,men bunden med lenkjer av jern og bronse.Han skal vætast med dogg frå himmelen,som dyra skal han eta plantene på marka.

16. Hans menneskehjarte skal forvandlast,eit dyrehjarte skal han få.Sju tider skal fara fram over han.

17. Dette har vaktarane vedteke i sitt råd,dette har dei heilage avgjort med sitt ord.Slik skal alle som lever, skjøna at Den høgste rår over riket mellom menneska. Han gjev det til kven han vil, og den lågaste av alle menneske kan han setja over det.

18. Dette var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde. Gjev meg tydinga, du Beltsasar! For ingen vismann i riket mitt kan det. Men du kan, for dei heilage gudars ånd er i deg.»

Les hele kapitlet Daniel 4