Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 4:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. «Kong Nebukadnesar til alle folk og nasjonar og tungemål som bur over heile jorda: Rikeleg fred!

2. Lat meg få kunngjera dei teikn og under som Gud, Den høgste, har gjort mot meg.

3. Kor store er hans teikn,kor veldige hans under!Hans kongerike er eit evig rike,hans velde varer frå slekt til slekt.

4. Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt og sat sunn og frisk i slottet mitt.

5. Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Dei tankane eg fekk og syna eg hadde i hovudet medan eg låg i senga, skremde meg.

6. Eg gav påbod om at alle vismennene i Babel skulle førast fram for meg og gje meg tydinga av draumen.

7. Då kom draumetydarane, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane inn, og eg fortalde dei draumen. Men dei kunne ikkje gje meg tydinga.

8. Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd. Eg fortalde han draumen:

9. Beltsasar, du som er leiar for draumetydarane! Eg veit at i deg er dei heilage gudars ånd, og at ikkje noko mysterium er for vanskeleg for deg. Høyr kva eg såg i draumen, og sei meg tydinga!

10. Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga:Og sjå, eit tre stod midt på jorda. Det var svært høgt.

11. Treet voks seg så stort og sterkt at det nådde til himmelen og var synleg til enden av jorda.

12. Lauvet var vakkert og frukta rik, det gav føde til alle. Dyra på marka fann skugge under det, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene. Alt liv fekk si føde frå det.

13. Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga. Eg såg, og sjå! – ein heilag vaktar kom ned frå himmelen.

14. Han ropa med høg røyst:Hogg treet ned, skjer greinene av,snøy det for lauv, kast frukta utover!Dyra under det skal rømmaog fuglane flyga bort frå greinene.

15. Lat berre rotstubben stå att i jorda,i graset på marka,men bunden med lenkjer av jern og bronse.Han skal vætast med dogg frå himmelen,som dyra skal han eta plantene på marka.

Les hele kapitlet Daniel 4