Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 3:9-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Dei tok til orde og sa til kong Nebukadnesar: «Lenge leve kongen!

10. Konge, du har gjeve påbod om at alle som høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal falla ned og tilbe gullstatuen,

11. og at den som ikkje fell ned og tilbed, skal kastast i omnen med logande eld.

12. Det er nokre jødiske menn her som du har sett til å styra provinsen Babel: Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Desse mennene bryr seg ikkje om påbodet ditt, konge. Dei dyrkar ikkje din gud og tilbed ikkje statuen som du har sett opp.»

13. Då vart Nebukadnesar rasande. Han baud at dei skulle henta Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, og mennene vart førte fram for kongen.

14. Nebukadnesar tok til orde og sa til dei: «Er det sant, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, at de ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed gullstatuen som eg har sett opp?

15. No, er de villige når de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, til å falla ned og tilbe statuen eg har laga? For vil de ikkje tilbe han, skal de straks kastast i omnen med logande eld. Finst det då nokon gud som kan berga dykk frå mi hand?»

16. Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego svara kong Nebukadnesar: «Vi treng ikkje svara deg på dette.

17. Om den Gud som vi dyrkar, kan berga oss frå omnen med logande eld og frå di hand, konge, så vil han berga oss.

18. Og om han ikkje det gjer, skal du vita, konge, at vi ikkje kjem til å dyrka din gud og tilbe gullstatuen du har reist.»

19. Då vart Nebukadnesar fylt av slikt raseri mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at andletet hans vart heilt fordreia. Han baud at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg,

20. og at nokre soldatar frå hæren skulle binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld.

21. Så vart mennene bundne og kasta i omnen med logande eld, med kappene, buksene, luene og dei andre kleda på seg.

22. Sidan omnen på kongens strenge bod var så sterkt oppheta, vart dei som førte Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego opp, drepne av logane frå elden.

23. Dei andre tre mennene, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, fall bundne ned i omnen med logande eld.

24. Då vart kong Nebukadnesar forfærd. Han reiste seg brått og sa til rådsherrane sine: «Var det ikkje tre menn vi batt og kasta ned i elden?» «Jau visst, konge», svara dei.

25. Han sa: «Men eg ser fire menn gå fritt omkring i elden, og det finst ikkje skade på dei. Den fjerde ser ut som ein gudeson.»

26. No gjekk Nebukadnesar bort til døra i omnen med logande eld og ropa: «Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, de som er tenarar for Gud, Den høgste, kom ut hit!» Då kom Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego ut frå elden.

27. Satrapane, guvernørane, statthaldarane og kongens rådsherrar stimla saman, og dei såg at elden ikkje hadde hatt makt over kroppane til desse mennene. Håret på hovuda deira var ikkje svidd, kappene var ikkje skadde, og det lukta ikkje brent av dei.

Les hele kapitlet Daniel 3