Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 3:26-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. No gjekk Nebukadnesar bort til døra i omnen med logande eld og ropa: «Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, de som er tenarar for Gud, Den høgste, kom ut hit!» Då kom Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego ut frå elden.

27. Satrapane, guvernørane, statthaldarane og kongens rådsherrar stimla saman, og dei såg at elden ikkje hadde hatt makt over kroppane til desse mennene. Håret på hovuda deira var ikkje svidd, kappene var ikkje skadde, og det lukta ikkje brent av dei.

28. Då tok Nebukadnesar til orde og sa: «Velsigna er Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, som sende engelen sin og berga tenarane sine. Dei sette si lit til han og trassa bodet frå kongen. Dei våga livet, så dei skulle sleppa å dyrka eller tilbe nokon annan gud enn sin eigen.

29. No gjev eg dette påbodet: Er det nokon i alle folk og nasjonar og tungemål som talar hånleg om Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, skal han hoggast i bitar, og huset hans skal leggjast i grus. For det finst ingen annan gud som kan berga på denne måten.»

Les hele kapitlet Daniel 3