Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 3:1-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kong Nebukadnesar laga ein statue av gull, seksti alner høg og seks alner brei, og sette han opp i Dura-dalen i provinsen Babel.

2. Så sende kong Nebukadnesar bod og kalla saman satrapane, guvernørane, statthaldarane, rådgjevarane, skattmeistrane, dommarane, oppsynsmennene og alle provinsstyrarane. Dei skulle koma til vigslinga av statuen som kong Nebukadnesar hadde reist.

3. Satrapane, guvernørane, statthaldarane, rådgjevarane, skattmeistrane, dommarane, oppsynsmennene og alle provinsstyrarane kom saman til vigslinga av den statuen som kong Nebukadnesar hadde sett opp. Då dei stod framfor statuen kongen hadde reist,

4. ropa herolden med høg røyst: «Slik lyder påbodet til dykk folk og nasjonar og tungemål:

5. Så snart de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal de falla ned og tilbe gullstatuen kong Nebukadnesar har reist.

6. Den som ikkje fell ned og tilbed, skal straks kastast i omnen med logande eld.»

7. Så snart alle folka høyrde lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt og alle andre slag instrument, fall alle folk og nasjonar og tungemål ned og tilbad statuen som kong Nebukadnesar hadde reist.

8. Straks etter kom nokre kaldeiske menn og førte klagemål mot jødane.

9. Dei tok til orde og sa til kong Nebukadnesar: «Lenge leve kongen!

10. Konge, du har gjeve påbod om at alle som høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, skal falla ned og tilbe gullstatuen,

11. og at den som ikkje fell ned og tilbed, skal kastast i omnen med logande eld.

12. Det er nokre jødiske menn her som du har sett til å styra provinsen Babel: Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego. Desse mennene bryr seg ikkje om påbodet ditt, konge. Dei dyrkar ikkje din gud og tilbed ikkje statuen som du har sett opp.»

13. Då vart Nebukadnesar rasande. Han baud at dei skulle henta Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, og mennene vart førte fram for kongen.

14. Nebukadnesar tok til orde og sa til dei: «Er det sant, Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego, at de ikkje dyrkar min gud og ikkje tilbed gullstatuen som eg har sett opp?

15. No, er de villige når de høyrer lyden av horn, fløyte, sitar, harpe, lutt, sekkepipe og alle andre slag instrument, til å falla ned og tilbe statuen eg har laga? For vil de ikkje tilbe han, skal de straks kastast i omnen med logande eld. Finst det då nokon gud som kan berga dykk frå mi hand?»

16. Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego svara kong Nebukadnesar: «Vi treng ikkje svara deg på dette.

17. Om den Gud som vi dyrkar, kan berga oss frå omnen med logande eld og frå di hand, konge, så vil han berga oss.

18. Og om han ikkje det gjer, skal du vita, konge, at vi ikkje kjem til å dyrka din gud og tilbe gullstatuen du har reist.»

19. Då vart Nebukadnesar fylt av slikt raseri mot Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego at andletet hans vart heilt fordreia. Han baud at dei skulle gjera omnen sju gonger så heit som vanleg,

20. og at nokre soldatar frå hæren skulle binda Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego og kasta dei i omnen med logande eld.

Les hele kapitlet Daniel 3