Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2:39-49 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av bronse, som skal råda over heile jorda.

40. Det fjerde riket skal vera sterkt som jern. Som jernet knuser og knasar alt, skal det knusa og slå sund alle dei andre, lik jern som slår sund.

41. Føtene og tærne som du såg, var dels av pottemakarleire, dels av jern. Slik skal riket vera delt. Noko av styrken til jernet skal vera i det. Du såg då at jernet var blanda med leire.

42. At tærne dels var av jern og dels av leire, tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt.

43. Slik jernet, som du såg, var blanda med leire, skal menneske blanda seg til ei slekt. Men dei skal likevel ikkje halda fast ved kvarandre, like lite som jern kan blanda seg med leire.

44. Men i dagane til desse kongane skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid.

45. Du såg då at ein stein vart riven laus frå fjellet, utan at noka hand rørte ved han, og han krasa jernet, bronsen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no gjort kjent for kongen det som skal henda i framtida. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

46. Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og tilbad Daniel. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han.

47. Kongen tok til orde og sa til Daniel: «Sanneleg, dykkar gud er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar mysterium, sidan du har greidd å openberra dette mysteriet.»

48. Så gav kongen Daniel høg rang og mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babel og til øvste leiar for alle vismennene der.

49. På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego over provinsen Babel. Daniel sjølv vart verande ved kongens hoff.

Les hele kapitlet Daniel 2