Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2:22-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Han openberrar det djupe og det skjulte.Han veit kva som er i mørkret,og hos han bur lyset.

23. Deg, mine fedrars Gud,takkar og prisar eg,for du har gjeve meg visdom og styrke.No har du gjort kjent for meg det vi bad om,det kongen vil vita, har du gjort kjent for oss.

24. Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å gjera ende på vismennene i Babel. Han sa til han: «Gjer ikkje ende på vismennene i Babel! Før meg fram for kongen, så skal eg seia kongen tydinga.»

25. Då skunda Arjok seg og førte Daniel fram for kongen og sa til han: «Mellom dei jødane som er her i eksil, har eg funne ein mann som kan seia kongen tydinga.»

26. Kongen tok til orde og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg både draumen eg har sett, og tydinga?»

27. Daniel tok til orde og svara kongen: «Mysteriet som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, draumetydar eller teikntydar gjera kjent for kongen.

28. Men det er ein Gud i himmelen som openberrar mysterium. Han har gjort kjent for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og dei syn du hadde i hovudet medan du låg i senga.

29. Då du låg i senga, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar mysterium, gjorde kjent for deg det som skal henda.

30. Og når dette mysteriet har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita tydinga, så du kan kjenna tankane i hjartet ditt.

Les hele kapitlet Daniel 2