Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Stjernetydarane tok til orde og sa til kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen dette. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravd noko slikt av ein draumetydar, åndemanar eller stjernetydar.

11. Det kongen krev, er så vanskeleg at ingen andre enn gudane kan fortelja han det, og dei bur ikkje mellom dødelege.»

12. Kongen vart frå seg av raseri over dette og baud at dei skulle gjera ende på alle vismennene i Babel.

13. Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel.

14. Då vende Daniel seg med kloke og velvalde ord til Arjok, sjefen over livvakta til kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babel.

15. Han tok til orde og spurde Arjok, befalingsmannen til kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då lét Arjok Daniel få vita det.

16. Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han seia han tydinga.

17. Så gjekk Daniel heim og gjorde saka kjend for venene Hananja, Misjael og Asarja.

18. Dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra dette mysteriet, så Daniel og venene hans ikkje skulle gå til grunne saman med resten av vismennene i Babel.

19. Då vart mysteriet openberra for Daniel i eit syn om natta. Og Daniel velsigna Gud i himmelen.

20. Han tok til orde og sa:Velsigna er Guds namnfrå æve og til æve!For visdomen og styrken er hans.

Les hele kapitlet Daniel 2