Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 2:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han uroleg til sinns så han ikkje fekk sova.

2. Då sa kongen at draumetydarane, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane skulle kallast inn for å fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen.

3. Han sa til dei: «Eg har hatt ein draum. Eg er uroleg til sinns og ønskjer å forstå draumen.»

4. Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Lenge leve kongen! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»

5. Då sa kongen til stjernetydarane: «Dette er mi faste avgjerd: Dersom de ikkje fortel meg både draumen og tydinga, skal de hoggast i bitar, og husa dykkar skal leggjast i grus.

6. Men dersom de fortel meg både draumen og tydinga, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og tydinga!»

7. Då svara dei andre gongen: «Berre kongen no fortel tenarane sine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»

8. Kongen tok til orde og sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast:

9. Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, er det berre éin dom som gjeld for dykk. Men de har vorte samde om å føra meg bak lyset med ei løgn til tidene skifter. Difor: Sei meg draumen, så veit eg at de òg kan seia meg tydinga!»

10. Stjernetydarane tok til orde og sa til kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen dette. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravd noko slikt av ein draumetydar, åndemanar eller stjernetydar.

Les hele kapitlet Daniel 2