Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 12:3-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Dei kloke skal skinasom himmelkvelven skin,og dei som har ført dei mange til rettferd,skal skina som stjernene til evig tid.

4. Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal streifa omkring, og kunnskapen skal auka.

5. Eg, Daniel, såg, og sjå! – to andre stod der, ein på den eine sida av elva og ein på den andre sida av elva.

6. Ein av dei spurde mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva: «Kor lenge skal det vara før alt dette underfulle får sin ende?»

7. Mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Han som lever evig: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta til det heilage folket er heilt knust, skal alt dette ta slutt.»

8. Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er slutten på dette?»

9. Han svara: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera gøymde og forsegla til endetida.

10. Mange skal bli reinsa, lutra og vaska reine. Men dei urettferdige skal gjera urett, og ingen av dei skal forstå. Men dei kloke skal forstå.

Les hele kapitlet Daniel 12