Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han skal dra mot riket til kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt.

10. Sønene hans bur seg til strid og samlar ein veldig hær. Han skal bølgja fram som ei stormflod og igjen rykkja fram mot festninga til fienden.

11. Kongen i sør blir rasande og dreg ut og strider mot han, mot kongen i nord, som stiller opp ein stor hær. Men hæren fell i fiendehand.

12. Når hæren er feia vekk, blir kongen hovmodig. Han feller titusental, men kan likevel ikkje halda på makta.

13. Så skal kongen i nord igjen stilla opp ein hær, større enn den første. Og etter nokre år rykkjer han fram med ein stor hær og ei veldig utrusting.

14. På den tida skal mange stå opp mot kongen i sør, og valdsmennene i folket ditt skal reisa seg så synet blir stadfest. Men dei skal falla.

15. Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Hærstyrkane frå sør held ikkje stand, ikkje eingong dei beste av mennene hans har kraft til å halda stand.

16. Han som går til åtak, gjer som han vil, og ingen kan stå seg imot han. Han får fotfeste i det herlege landet og har øydelegging i si hand.

17. Han set seg føre å få heile riket til kongen i sør i si makt. Difor gjer han ei semje med han og gjev han ei ung kvinne for å øydeleggja riket. Men det skal ikkje skje, det lukkast ikkje for han.

18. Så skal han venda seg mot kystlanda og ta mange av dei. Men ein hærførar gjer ende på spotten hans og vender spotten mot han sjølv.

19. Så vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han vaklar, fell og blir borte.

Les hele kapitlet Daniel 11