Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Nokre år etter skal dei gå inn i ein allianse, og dotter til kongen i sør kjem til kongen i nord for å stadfesta forliket. Men hennar kraft blir borte, og han kan heller ikkje halda stand. På den tida blir både ho og følgjet hennar, faren og mannen, overgjevne til døden.

7. Då skal eit skot frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot hæren til kongen i nord, bryt inn i festninga hans og vinn over dei.

8. Også gudane deira fører han som fangar til Egypt, saman med dei støypte bileta deira og det kostbare utstyret av sølv og gull. I nokre år held han seg borte frå kongen i nord.

9. Han skal dra mot riket til kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt.

10. Sønene hans bur seg til strid og samlar ein veldig hær. Han skal bølgja fram som ei stormflod og igjen rykkja fram mot festninga til fienden.

11. Kongen i sør blir rasande og dreg ut og strider mot han, mot kongen i nord, som stiller opp ein stor hær. Men hæren fell i fiendehand.

12. Når hæren er feia vekk, blir kongen hovmodig. Han feller titusental, men kan likevel ikkje halda på makta.

13. Så skal kongen i nord igjen stilla opp ein hær, større enn den første. Og etter nokre år rykkjer han fram med ein stor hær og ei veldig utrusting.

14. På den tida skal mange stå opp mot kongen i sør, og valdsmennene i folket ditt skal reisa seg så synet blir stadfest. Men dei skal falla.

15. Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Hærstyrkane frå sør held ikkje stand, ikkje eingong dei beste av mennene hans har kraft til å halda stand.

Les hele kapitlet Daniel 11