Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:32-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med glatte ord. Men det folket som kjenner sin Gud, skal stå fast, også i handling.

33. Dei kloke i folket hjelper dei mange til innsikt. Men ei kort tid fell dei som offer for sverd og eld, fangenskap og plyndring.

34. Når dei fell, får dei berre litt hjelp. Mange sluttar seg til dei, men med baktankar.

35. Nokre av dei kloke fell som offer, så dei blir lutra og reinsa og vaska reine til endetida. For den fastsette tid er enno ikkje komen.

36. Kongen skal fara fram som han vil, opphøgja seg og gjera seg større enn alle gudar. Mot Gud over gudane talar han uhøyrde ord. Han har lukka med seg heilt til vreiden tek slutt. For det som er fastsett, må skje.

37. Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar, heller ikkje om guden som kvinnene elskar, eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle.

38. I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting.

39. Han går mot dei sterke festningane med hjelp frå ein framand gud. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og deler ut jord som løn.

40. I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og ryttarar og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer fram som ei stormflod.

41. Så dreg han inn i det herlege landet, og titusental skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane.

42. Han retter handa ut mot land etter land, heller ikkje Egypt slepp unna.

43. Han skal rå over skattar av gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Sjølv libyarar og kusjittar må følgja han.

44. Då skal rykte frå aust og frå nord skremma han, og han tek ut i stor vreide for å slå mange med bann og utrydda dei.

45. Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det herlege, heilage fjellet. Men han går mot undergangen, og ingen hjelper han.

Les hele kapitlet Daniel 11