Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:23-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Først går han inn i ein allianse, så fer han med svik. Han rykkjer fram, og med lite folk tek han makta.

24. Lett trengjer han inn i dei mest grøderike traktene i landet og gjer slikt som verken fedrane hans eller fedrane deira gjorde. Han strør plyndra gods, rov og utrusting ut mellom mennene sine. Han legg planar om angrep på festningar, men berre for ei tid.

25. Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør rustar seg òg til krig med ein stor og slagkraftig hær. Men han kan ikkje stå seg, for det blir lagt vonde planar mot han.

26. Dei som et ved hans bord, knuser han. Hæren hans blir skyld bort, og mange blir drepne og fell.

27. Begge kongane har vondt i sinne. Dei sit ved same bord og talar løgn. Men det skal ikkje lukkast, for enden kjem først til fastsett tid.

28. Han vender heim att til landet sitt med stort bytte, men i hjartet er han motstandar av den heilage pakta. Han gjer det han vil, og vender attende til landet sitt.

29. Til fastsett tid skal han dra mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist.

30. Kitteiske skip kjem mot han, og han mistar motet. Han snur om og lèt harmen gå ut over den heilage pakta. Så vender han attende og lyttar til dei som har svikta den heilage pakta.

31. Nokre av hans hærstyrkar kjem og vanhelgar tempelborga, tek bort det daglege offeret og set opp det motbydelege som øydelegg.

32. Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med glatte ord. Men det folket som kjenner sin Gud, skal stå fast, også i handling.

33. Dei kloke i folket hjelper dei mange til innsikt. Men ei kort tid fell dei som offer for sverd og eld, fangenskap og plyndring.

34. Når dei fell, får dei berre litt hjelp. Mange sluttar seg til dei, men med baktankar.

35. Nokre av dei kloke fell som offer, så dei blir lutra og reinsa og vaska reine til endetida. For den fastsette tid er enno ikkje komen.

36. Kongen skal fara fram som han vil, opphøgja seg og gjera seg større enn alle gudar. Mot Gud over gudane talar han uhøyrde ord. Han har lukka med seg heilt til vreiden tek slutt. For det som er fastsett, må skje.

37. Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar, heller ikkje om guden som kvinnene elskar, eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle.

38. I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting.

39. Han går mot dei sterke festningane med hjelp frå ein framand gud. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og deler ut jord som løn.

40. I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og ryttarar og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer fram som ei stormflod.

Les hele kapitlet Daniel 11