Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:20-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. I hans stad skal det stå fram ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er til pryd for kongeriket. Kort tid etter blir han knust, men ikkje ved vreide og ikkje i krig.

21. I hans stad skal det stå fram ein som blir forakta. Han har ikkje fått kongeleg makt, men kjem uventa og riv kongsmakta til seg med list.

22. Hærstyrkane som fløymer fram, blir skylde bort og knuste framfor han – like eins paktfyrsten.

23. Først går han inn i ein allianse, så fer han med svik. Han rykkjer fram, og med lite folk tek han makta.

24. Lett trengjer han inn i dei mest grøderike traktene i landet og gjer slikt som verken fedrane hans eller fedrane deira gjorde. Han strør plyndra gods, rov og utrusting ut mellom mennene sine. Han legg planar om angrep på festningar, men berre for ei tid.

25. Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør rustar seg òg til krig med ein stor og slagkraftig hær. Men han kan ikkje stå seg, for det blir lagt vonde planar mot han.

26. Dei som et ved hans bord, knuser han. Hæren hans blir skyld bort, og mange blir drepne og fell.

27. Begge kongane har vondt i sinne. Dei sit ved same bord og talar løgn. Men det skal ikkje lukkast, for enden kjem først til fastsett tid.

28. Han vender heim att til landet sitt med stort bytte, men i hjartet er han motstandar av den heilage pakta. Han gjer det han vil, og vender attende til landet sitt.

29. Til fastsett tid skal han dra mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist.

Les hele kapitlet Daniel 11