Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 11:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og eg, det første året medaren Dareios styrte, stod eg hos han til støtte og vern.

2. No vil eg kunngjera sanninga for deg.Endå tre kongar skal stå fram i Persia, og den fjerde skal skaffa seg større rikdom enn dei andre. Og når rikdomen har gjort han mektig, skal han hissa opp alle mot Javan.

3. Så skal ein krigarkonge stå fram. Han skal herska med stor makt og gjera som han sjølv vil.

4. Men så snart han har stått fram, skal kongeriket hans bli knust og delt etter dei fire himmelretningane. Det skal ikkje gå over til etterkomarane hans og ikkje vera så mektig som då han sjølv styrte. For kongeriket hans skal rykkjast opp og gå over til andre.

5. Kongen i sør skal bli mektig, men ein av hovdingane hans skal bli endå mektigare. Han skal herska med stor makt.

6. Nokre år etter skal dei gå inn i ein allianse, og dotter til kongen i sør kjem til kongen i nord for å stadfesta forliket. Men hennar kraft blir borte, og han kan heller ikkje halda stand. På den tida blir både ho og følgjet hennar, faren og mannen, overgjevne til døden.

7. Då skal eit skot frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot hæren til kongen i nord, bryt inn i festninga hans og vinn over dei.

8. Også gudane deira fører han som fangar til Egypt, saman med dei støypte bileta deira og det kostbare utstyret av sølv og gull. I nokre år held han seg borte frå kongen i nord.

Les hele kapitlet Daniel 11