Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 10:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet.

6. Kroppen hans var som krysolitt, andletet som glimtet av eit lyn, auga som logar av eld, og armane og føtene var som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som bruset av ei folkemengd.

7. Eg, Daniel, var den einaste som såg synet. Dei mennene som var med meg, såg det ikkje. Likevel vart dei så forskrekka at dei sprang og gøymde seg.

8. Så var eg att åleine. Og då eg såg dette store synet, svann kreftene, eg skifte farge og vart likbleik. Til slutt var all mi kraft borte.

9. Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, fall eg i uvit med andletet mot jorda.

10. Då rørte ei hand meg, riste i meg og fekk meg opp på hender og kne.

11. Han sa til meg: «Daniel, du som er så høgt elska, forstå dei orda som eg vil tala til deg. Reis deg opp! For no er eg send til deg.» Då han tala desse orda til meg, reiste eg meg skjelvande opp.

12. Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den første dagen du vigde hjartet til å vinna innsikt og audmjuka deg for din Gud, har orda dine vore høyrde, og på grunn av orda dine er eg komen.

13. Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i tjueein dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste fyrstane, og hjelpte meg der eg var halden tilbake hos persarkongane.

14. No er eg komen for å få deg til å forstå kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»

15. Medan han tala slik til meg, bøygde eg andletet mot jorda, mållaus.

Les hele kapitlet Daniel 10