Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 10:16-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Ein som var lik eit menneske, rørte då ved leppene mine. Då opna eg munnen og tala, eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet gav meg slike krampar at all mi kraft er borte.

17. Korleis skulle tenaren til herren min kunna tala med ein herre som deg? Kreftene tek slutt, og det er ikkje livspust i meg lenger.»

18. Han som var lik eit menneske, rørte ved meg endå ein gong og gav meg styrke. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er høgt elska. Fred vere med deg! Ver sterk, ver sterk!» Og då han tala med meg, vart eg styrkt og sa: «Tal, herre! For du har gjeve meg styrke.»

19. Då sa han: Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Når eg dreg bort, kjem fyrsten over Javan.

20. Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som støttar meg mot dei, utan Mikael, som er fyrste over dykk.

Les hele kapitlet Daniel 10