Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 1:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta maten og drikka vinen frå kongens bord. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gå i teneste for kongen.

6. Mellom dei var jødane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja.

7. Hoffsjefen gav dei nye namn. Daniel kalla han for Beltsasar, Hananja for Sjadrak, Misjael for Mesjak og Asarja for Abed-Nego.

8. Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad hoffsjefen om å få sleppa å gjera seg urein.

9. Og Gud laga det så at hoffsjefen fekk godhug og velvilje for Daniel.

10. Men hoffsjefen sa til Daniel: «Eg er redd for at herren min, kongen, som har fastsett kva de skal eta og drikka, skal synast at de ikkje ser så friske ut som dei andre gutane på dykkar alder, og då har de sett livet mitt i fare hos kongen.»

Les hele kapitlet Daniel 1