Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 1:16-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då lét oppsynsmannen dei sleppa denne maten og vinen og gav dei grønsaker.

17. Gud gav dei fire gutane kunnskap og vit på alle skrifter og all slags visdom. Og Daniel skjøna seg på alle slags syn og draumar.

18. Då den tida kongen hadde fastsett, var ute og dei skulle førast fram for han, førte hoffsjefen dei fram for Nebukadnesar.

19. Kongen snakka med dei, og det fanst ingen som kunne måla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Og dei gjekk inn i teneste hos kongen.

20. Kvar gong kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle draumetydarar og åndemanarar i riket.

21. Daniel vart verande der til første regjeringsåret til kong Kyros.

Les hele kapitlet Daniel 1