Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 9:10-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. For sverdet skal dei døy,alle syndarane i folket mitt,dei som seier: «Det vonde når oss ikkje,det råkar ikkje oss.»

11. Den dagen reiser eg opp attDavids falne hytte.Rivnene murar eg att,og det som ligg i røys, reiser eg opp att.Eg byggjer henne som i gamle dagar,

12. så dei kan ta resten av Edom i eigeog alle dei andre folkeslagasom namnet mitt er nemnt over,seier Herren, som gjer dette.

13. Sjå, dagar skal koma, seier Herren,då den som pløyer, tek att den som haustar,og den som trakkar druer, tek att den som sår.Druesaft skal drypa frå fjellaog fløyma frå alle høgder.

14. Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt.Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei.Dei skal planta vinmarker og drikka vinen.Dei skal stella til hagar og eta frukta.

15. Eg plantar dei i deira eiga jord,aldri meir skal dei rykkjast oppav den jorda eg har gjeve dei,seier Herren din Gud.

Les hele kapitlet Amos 9