Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 7:7-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Dette viste han meg:Sjå, Herren stod på ein loddrett mur,i handa hadde han eit blylodd.

8. Herren sa til meg:«Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Eit blylodd.»Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddetmidt i Israel, folket mitt.Eg vil ikkje lenger ha tol med det.

9. Isaks offerhaugar skal øydastog Israels heilagdomar siga i røys.Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»

10. Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans.

11. For Amos seier:«Jeroboam skal døy for sverd,og Israel skal drivast i eksil,bort frå landet sitt.»

12. Sidan sa Amasja til Amos:Du sjåar, gå din veg, kom deg av stad til Juda!Der kan du eta ditt brød,der kan du profetera.

13. I Betel får du ikkje lenger profetera,for det er ein kongeleg heilagdom,eit rikstempel.

14. Då tok Amos til ords og sa til Amasja:Ikkje er eg profet og ikkje profetlæresvein.Eg held husdyr og dyrkar fiken.

15. Men Herren tok meg bort frå saueflokken,og Herren sa til meg:«Gå og tal profetord til Israel, folket mitt!»

16. Høyr no Herrens ord:Du seier: «Ikkje tal profetord mot Israel,ikkje spå mot Isaks hus!»

17. Difor seier Herren:«Kona di skal vera hore i byen,sønene og døtrene dine skal falla for sverd.Jorda di skal delast med målesnor,du sjølv skal døy på urein jord,og Israel skal drivast i eksil frå landet sitt.»

Les hele kapitlet Amos 7