Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 7:3-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Då angra Herren på dette.«Det skal ikkje skje», sa Herren.

4. Dette viste Herren Gud meg:Sjå, Herren Gud kalla elden til strid.Han slukte det store djupetog heldt på å eta opp åkrane.

5. Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud!Korleis kan Jakob stå seg,så liten som han er?»

6. Då angra Herren på dette.«Heller ikkje det skal skje», sa Herren Gud.

7. Dette viste han meg:Sjå, Herren stod på ein loddrett mur,i handa hadde han eit blylodd.

8. Herren sa til meg:«Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Eit blylodd.»Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddetmidt i Israel, folket mitt.Eg vil ikkje lenger ha tol med det.

9. Isaks offerhaugar skal øydastog Israels heilagdomar siga i røys.Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»

10. Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans.

Les hele kapitlet Amos 7