Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 3:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Høyr dette ordet som Herren talar mot dykk, de israelittar,mot heile den slekta eg førte opp frå Egypt:

2. Berre dykk ville eg kjennast vedmellom alle slektene på jorda.Difor vil eg straffa dykkfor alle syndene dykkar.

3. Går vel to i lagutan å ha ein avtale?

4. Brøler vel løva i skogenutan å ha eit bytte?Knurrar ungløva i hòlautan å ha fanga noko?

5. Fell vel fuglen til jordautan at ei felle er sett opp?Sprett snara frå markautan at ho har fanga noko?

6. Gjallar hornet i byenutan at folket skjelv?Skjer det ei ulukke i byenutan at Herren har gjort det?

7. Nei, Herren Gud gjer ikkje nokoutan å openberra sitt løynde rådfor tenarane sine, profetane.

8. Løva brøler– kven blir ikkje redd?Herren Gud talar– kven blir ikkje profet?

9. Lat det høyrast over borgene i Asjdodog over borgene i Egypt, og sei:Kom saman på fjella kring Samaria!Sjå den store forvirringa hos henneog undertrykkinga i byen!

Les hele kapitlet Amos 3